fredag 21. mai 2010

«Vitring på Twitter – kvitring eller tvitring?

Hei

Både tvitre og kvitre er brukbare, og begge er i bruk. Jeg tilrår kvitre, jamfør dette avsnittet som vi har skrevet for nettsidene våre (det har ikke blitt lagt ut ennå):

«Vitring på Twitter – kvitring eller tvitring?

Substantivet twitter tyder ’kvitter’ eller ’kvitring’, altså lydane småfuglane lagar. Språkrådet er førebels ikkje med på «nettfuglebrettet» Twitter, men somme i denne flokken spør oss korleis dei kan trille og syngje på norsk om stort og smått i verda og livet.

For det første: Vi set ikkje om sjølve firmanamnet til Kvitter (ev. også Kvidder på bokmål ) på norsk, med mindre selskapet sjølv skulle ønskje det. Men dei ulike aktivitetane på Twitter står vi fritt til å omtale på norsk. Verbet twitter (også tweet) har alt tilpassa seg norsk i form av tvitre og kvitre. Sjølv om tvitre må vera lånt frå engelsk, kan det sjå ut som eit «heimebaka» ord – det glid lett inn i norsk uttale, bøying og rettskriving. Men tvitre kan truleg berre brukast i den snevre tydinga ’sende melding på den sosiale nettstaden Twitter’. Det same gjeld ikkje-tilpassa variantar som tweete eller twit(t)re. Med ord som kvitre, kvitter og kvitring får vi med det vide tydingsinnhaldet og den same biletbruken som dei har i engelsk. Derfor held vi ein knapp på kvitringa.

Vi må òg nemne eit pussig samanfall på nynorsk: Frå før har vi verbet vitre ( ’orientere, gje melding’) og uttrykket til vitring (’til orientering’). Tvitring/kvitring er altså ei form for vitring

Vennlig hilsen

Daniel G. Ims

rådgiver

Språkrådet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar